Meny

VTI Fotball

Takk for meg - Dagmund Evebø

Takk for meg - Dagmund Evebø

Dagmund Evebø leiar i dag Volda i sin siste kamp. Møt opp på stadion 18.30!
I dag spelar vi heime mot Hareid og den kampen vert den siste for meg som trenar i klubben. Etter snart 4 sesongar i Volda har det samla seg opp mange minner, både gode og mindre gode. Heldigvis har det vore overtall av gode opplevingar både for meg og for spelargruppa, og det som kanskje sit best i minnet er cupkampen heime mot Molde i 2017. Over 2000 tilskodarar skapte ei god gammal fotballstemning på stadion og samstundes presterte gutane ein strålande kamp der det til slutt enda med tap 2-3. Cupkampen i år mot Hødd viste og det som bur i laget og det at vi tapte 0-1 kjendes litt bittert rett etter kampen. I seriespelet har vi dessverre ikkje vore stabile nok men vi har vist potensialet i kampane mot Aafk 2 der vi som einaste lag i serien ikkje har slept inn mål eller tapt. Heime vann vi 6-0 medan det på Color Line enda 0-0.

Det har sjølvsagt vore spesiellt å møte eit anna lag som eg har trent –Stryn- heile 6 gangar i løpet av den perioden eg no har vore trenar i Volda. Eg veit ikkje om eg skal seie heldigvis,men statistikken seier 4-1-1 og der det er Volda som har vunne 4 :)

Når eg tok fatt på trenargjerninga i Volda i 2015 hadde klubben eit ynskje om at eg skulle finne plass til fleire lokale spelarar. Den gang som no var det nokre unggutar som banka på dørene og som hadde behov for speletid om dei skulle utvikle seg vidare. Den sesongen var Volda nye i 3 div som var samansett av lag frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Nivået var fleire knepp opp frå lokal 4 div og utfordringane mange. Til slutt så klarte vi å berge plassen med god margin og vi hadde klart å rotere i spelarstallen. Mange unge fekk debuten sin på a-laget og naudsynt erfaring.

I 2016 klarte vi å ta eit steg vidare i utviklinga og det laget Volda hadde den gangen var kanskje det beste sidan storhetstida i Voldafotballen. Vi hadde muligheten til å verte blant dei 5 fremste laga og kvalifisere oss til vidare spel i 3 divisjon, men i ein avgjerande kamp mot Fjøra heime måtte vi ta til takke med 1 poeng og sjansen glapp.

Dei to sesongane vi har bak oss i 4 div no har vore blanda drops. Svært høgt toppnivå men samstundes har vi vore for ustabile og gått på unødvendige blemmer. Ein vanskelig situasjon med skadar har heller ikkje gjort ting lettare.

Som trenar kjenner eg meg likevel trygg på at spelargruppa har utvikla seg gjennom desse 4 åra. Spelarane er tryggare med ball og veldig mykje betre på val. Dette kjem av sterkt fokus på pasningskvalitet og variasjon i treningskvardagen. Takstisk sett kan dei spele i ulike formasjonar og evnar å endre desse undervegs i kampane og om naudsynt. Om laget forsvarar seg lavt er spelarane flinke på taktiske val i høve kven som skal gjere kva, noko som gjer det vanskelig for motstandarane å bryte oss ned. Vi har og utvikla oss offensivt denne sesongen og evnar i sterkare grad å låse opp motstandarar som ligg lavt og forsvarar seg. Den dagen ein klarer å prestere stabilt over ein heil sesong vil laget ta eit steg opp i divisjonssystemet. Kanskje skjer det allereie neste sesong.

I løpet av desse sesongane har Volda fram til i dag spelt 103 obligatoriske kampar i cup og serie. Av desse har Volda vunne 46 spelt uavgjort i 24 og tapt 25. Vi har scora 219 mål og sluppe inn 141. Eg håpar at kampen i dag vert seier nr 47 :)

Eg har brukt til saman 79 spelarer og av desse har 44 vore lokale. 27 spelarar i alderen 15- 17 har debutert på Volda 1 i denne perioden. I år har eg brukt 43 spelarar på Volda 1.

Av spelarar som har forlatt klubben i perioden har 8 gått til klubbar høgare i divisjonssystemet.

Det å skulle ivareta og behandle så mange spelarar i trenings og kampsituasjon er utfordrande. Eg har gjort feil ved laguttak og val undervegs i kampar og eg har sikkert vore både tøff og ivaretakande med spelarane. Det som har gjort at eg har klart å halde ut pendling og umåtelig mange turar og km gjennom fjell og dalar, er gleda ved fotballen, og alle dei blide fjesa og kanskje og sure fjesa som møter meg i garderoben. Volda har ei fantastisk spelargruppe som det har vore ei glede å jobbe saman med. Eg ynskjer dei alt godt framover.

Volda er ein flott klubb som eg har ein lang historie i som spelar og trenar også tidlegare. Veldig mange gjer og har gjort ein fantastisk jobb for at barn, unge og vaksne kan halde på med den idretten dei er så glade i. I våre dagar er det eit mantra for dei fleste kubbane at ein skal ivareta flest mulig lengst mulig, og det er eg heilt einig i.

Det som klubben kanskje skal halde litt høgare er at dette ikkje er til hinder for at dei som vil mest og kan mest skal få så god utvikling som mogeleg. Det er mogeleg og naudsynt at klubben ivaretar alle ut frå det nivået dei er på. Differensiering og hospitering er to punkt der klubben må evaluere nøye kva ein har gjort, og kanskje sjå til andre for å lære. Eg er dessverre ikkje sikker på at det dei siste åra har vore ein realitet at: »Volda er ein klubb der det skal være mogeleg og lov å verte god». Eg har eit sterkt ynskje for at klubben legg til rette for at spelarar som vil får trene meir.

Dette kan klubben endre på med små og enkle grep og ved at spelaren står i sentrum og ikkje dei enkelte laga. Det må være lov at spelarar utfordrar trenarar og system og tør å være litt annaleis. Desse må dyrkast da dei vil være viktige for Volda og kanskje andre lag seinare.

Med dette vil eg takke for ei fin tid og ynskje alle fotballvener i Volda lukke til med arbeidet vidare.

Dagmund

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Bygg 1
Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina

Hovudsponsor

Intersport
VoldaMaskin
Brunvoll
Statoil
KIWI

Støttespelarar

Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny